Handlekurv


Handlekurven er tom

0,-

0

Dialekttempen - Termometer Byglandsfjord

På lager: 2

590,-
-+

Dialekttempen kom til verden i 1999 og har siden vokst til 250 ferdige plasser.
Det jobbes med og ferdiggjøre nye plasser hele tiden,
så har ikke din by eller bygd sin egen temp, så hører vi gjerne fra deg.
Dialekttempen er den perfekte gaven til den som har alt,
passer utmerket til hjemmet og på fritidsboligen.
Høyde: 33cm
bredde: 9cm
Kommer i gave-eske m/skruer for montering.
Hyggelig info:
Dampbåten DS Bjoren
Bjoren vart bygd ved Akers Mekaniske Verksted i 1866, var 52 fot lang og hadde ein maskin på 14 HK. I 1897 vart båten forlenga med 6 fot, og i 1914 vart båten forlenga med nye 10 fot. Ny kjele vart montert, og ein maskin på 42 HK. Ved denne ombygginga fekk båten den forma han har i dag. Lengda er 68,9 fot og vekta ca 26 tonn.
Bjoren gjekk i dei fyrste åra i rute på Kilefjorden. I 1896 opna den smalspora jernbanen til Byglandsfjord, og grunnlaget for drifta på Kilefjorden var borte. Bjoren vart i 1897 frakta til Byglandsfjorden der han gjekk i rute fram til 1957. Etter 1920 tok bilruter over mykje av trafikken frå båtane. Då det i 1950 åra vart bygd veg på vestsida av fjorden, var heile grunnlaget for båtane borte, og gamle Bjoren gjekk i opplag.
I 1970-åra starta ein aksjon for å berge det som vart att av båten, og å få satt han i stand. Bjoren vart restaurert ved Drammen Skibsreparasjoner A/S under faglig leiing av Riksantikvaren. Resultatet er svært velukka. Maskinen går som ei klokke, og skroget er solid og trygt. Bjoren er eit flytande teknisk museum.
– Dette er svært gledeleg seier skipper på båten Knut På Bø til avisa Setesdølen. No blir det førebudd til fest i Setesdal for å ta imot heidersteiknet.
DS Bjoren er i dag den eldste rutegåande dampbåten i Noreg, og nå godkjent for kvalitetsmerket Olavsrosa.
– DS Bjoren blir tildelt Olavsrosa, for ivaretaking av verneverdig fartøy og vidareføring av tradisjonell rutedrift på innlandssjø seier Simen Bjørgen i stiftinga Norsk Kulturarv. Han legg til at ein båttur på Byglandsfjorden er ei natur og kulturarvoppleving som gjer eit mektig inntrykk. Ein tur med den gamle vedfyrte dampbåten „Bjoren” er ei oppleving av dei sjeldne, avsluttar Bjørgen

#gradestokk

Kommentarer

Diverse

Diverse


Ulike leverandører hvor vi fører et mindre utvalg.

Relaterte produkter